Administrasjon av kuren – oppfølging

Når det passande homøopatiske midlet er valt og dose og potens er bestemt, begynner prosessen med å nøye i akta kva som skjer etter at den fyrste dosen er tatt

Her må homøopaten vera grundig i sine nedteikningar og pasienten grundig i sine observasjonar av seg sjølv og sine symptom og meddela dette til homøopaten.

Ettersom det homøopatiske prinsippet inneber å forsterka forsvarsreaksjonane i organismen, vil ein del kunna oppleva forverringstilstander.  Dette varer som regel ikkje mange dagar og er harmlaust.  (Ta kontakt dersom du er i tvil).  Skulle det dukka opp symptom som pasienten aldri har hatt får (ofte er det symptom ein har gløymt å fortelja om), kan dette vera teikn på feil middelvalg. Desse nye symptoma blir lagt til dei øvrige symptoma og eit evt. nytt middel valgt.

Det kan dessutan vera ulike måtar å administrera eit homøopatisk middel på.  Nokre gonger lar ein det gå lang tid mellom kvar repetisjon dersom det er framgong i kuren.  Andre gonger kan ein velja å repetera oftare.  Dette vil ein vurdera individuelt i kvar einskild tilfelle.

© Nøtterøy Naturmedisinske Center
Utviklet av:
pencilphone-handset