Homøopatisk farmakologi

Alle substansar, om dei kjem frå planter, mineralar, metall, dyresekret osv., har evna til å skapa formforandringar i ein levande organisme/vev

Sidan homøopatien har som prinsipp å forsterka forsvarsreaksjonane, blir det difor ein logisk konsekvens å skaffa seg kunnskap om kva symptom dei ulike substansar frambringar i ein levande organisme. Dette blir gjort ved utprøving på normalt friske menneske. Her er mennesket plassert i midten og må via eigne subjektive og objektive iakttakingar uttrykkja formforandringane via symptomspråket – ikkje via kjemiske analysar eller dyreforsøk. Substansen blir gjennom mennesket på denne måten omgjort til eit symptomspråk av sterk individuell karakter.

Det er pr. i dag gjort utprøvingar på mange hundre substansar, noko som tilseier eit terapeutisk potensiale som femner om eit stort antall individuelle sjukdomsuttrykk både av fysisk og psykisk karakter. Alle desse symptombilda er samla i prøveprotokollar – materia medica – og systematisert i symptomregister – repertorier.

Dei homøopatiske midla blir produsert i ei rekkje land etter godkjende standardprosedyrar. I Norge blir dei selt gjennom apotek

Homøopatiske medisinar blir enten administrert i rå eller i fortynna/potensert form. Dei potenserte midla blir laga ved ein kombinasjon av fortynning og risting/støting av utgangssubstansen som er oppløyst enten i alkohol eller vatn. Erfaringa viser at jo meir utgangssubstansen er fortynna/rista (potensert), jo kraftigare blir evna til formforandring i levande vev samstundes som biverknadane blir sterkt nedtona.

© Nøtterøy Naturmedisinske Center
Utviklet av:
pencilphone-handset