Homøopatisk kur

Målet for ein homøopatisk kur er å bringa pasienten fram til ei betre helse på alle plan

På det fysiske planet vil det seia fridom frå smerte og ubehag sjølv under skiftande yter og indre forhold, på det følingsmessige plan fridom frå å bli fanga av overdrivne følelsar og på det mentale plan å koma til klarhet om kven ein er og kva ein skal gjera i livet.

Det fyrste ein som regel opplever etter å ha fått rett valt middel, er ei generell betring når det gjeld arbeids/tiltakslyst og større psykisk velvære. Dei fysiske symptoma bør forsvinna i omvendt rekkefylgje i forhold til sjukdomshistoria og innanfrå og ut til meir perifere organsystem.

Kurens lengde

Lengda på ein homøopatisk kur er avhengig av sjukdomsart, kor lenge ein har vore sjuk, alder og allmenntilstand, medisinforbruk osb. Jo meir kronisk, jo lengre vil behandlingstida bli.

Kurens lengde kan nedkortast dersom pasienten er nøyaktig i sine observasjonar av seg sjølv og sine symptom.  Jo meir informasjon om det som er mest slåande, framandarta i forhold til det som er forventa ved spesielle diagnosar, usedvanlige og spesielt (karakteristisk), jo større er sjansen for å velja det rette middel.

Årsaka til at visse substansar eller fødevarer forstyrrar eller opphevar effekten av homøopatiske midlar, er deira evne til å påverka organismen medisinsk enten i form av ei svekking av sensitiviteten eller at dei frambringar symptom som gjer det vanskeleg å koma fram til eit sannferdig symptombilde.

Dei vanlegaste er: kaffi, koffeinhaldige leskedrikkar, sterke drops/pastillar/tyggegummi, peparmynte, kamfer, mentol, sterke luktstoff (parfyme, tynnare, salmiakk osb.) Ver varsam med alkohol.

Allopatiske medisinar verkar i dei aller fleste tilfeller motsett av homøopatiske. Skal ein oppnå ein optimal kur som fører fram til betre helse, vil ein slik kombinasjon vera dårleg. Ei eventuell seponering av medisinar forordna av lege, skal avtalast med vedkomande. Ofte går det an å foreta ei gradvis seponering.

Kombinasjon med andre terapiformer (soneterapi, akupunktur osb.) kan oppheva effekten av homøopatiske middel. Det vil også vera forvirrande både for pasient og homøopat å ikkje nøyaktig vita kva som påverkar organismen. Det beste er å prøva ut ein ting om gongen.

Tannlegebehandling: det har vist seg at boring kan oppheva effekten av midlar. Dersom dette er nødvendig under ein kur, bør det gå tre eller fire veker før homøopatisk behandling kan gjenopptakast.

© Nøtterøy Naturmedisinske Center
Utviklet av:
pencilphone-handset