Kva er sjukdom?

Vi høyrer ofte at folk seier: «Eg er ikkje i form i dag.»

Dette utsagnet fortel ubevisst mykje om kva sjukdom eigentleg er; nemleg forandring av form og eigenskap/funksjon. Eit døme her kan vera hofteartrose. I eit slikt sjukdomsbilde er brusken i leddflatene ruffla og delvis borte. Den ideelle forma som eit hofteledd skal ha for å fungera bra er forandra. Denne forandringa fører til at eigenskapen/funksjonen forandrar seg – vi får vanskar med å bevega hofta, den blir stivare, ein får vondt når ein går osv.

Alle sjukdomar har forandring i form og eigenskap/funksjon. Det er desse forandringane som gjev opphav til smerte/ubehag. Ut ifrå ein homøopatisk forklaringsmodell er det livskreftene som opprettheld forma i ein organisme og som gjer at vi held oss friske.

© Nøtterøy Naturmedisinske Center
Utviklet av:
pencilphone-handset