Organismen sin reaksjon på sjukdom

Det skjer kontinuerlige formforandringar i ein organisme av ulike årsaker som vi så vidt har nemnt

Som regel merker vi lite til desse prosessane. Men blir formforandringane store nok, seier organismen frå om dette via smerte eller ubehag. Homøopatien oppfattar ikkje desse prosessane som negative, men som organismen sin sjølvforsvarsreaksjonar for å overleva – sjølv om dei er aldri så ubehagelege. Eit anna ord for slike prosessar er homøostaseprinsippet.

Et du t.d. bederva mat eller inntar for mykje alkohol, er organismen sin forsvarsreaksjon diare eller oppkast og samstundes ei svekking av allmenntilstanden slik at den sjuke er nøyd til å ta det med ro. Ved infeksjon av bakteriar og virus er det som regel feber. I kroniske sjukdomsforløp gjeld det same, men her er forsvarsreaksjonane for svake til at organismen av seg sjølv vinn tilbake helsa.

© Nøtterøy Naturmedisinske Center
Utviklet av:
pencilphone-handset